Vårsnøfest i Breidalen 2018

Velkomen til nok ein Vårsnøfest i Breidalen! Dette er eit arrangement der skiglede, god mat og godt lag er hovudinnhaldet. I 2018 har vi lagt Vårsnøfesten til pinsehelga for å få plass til fleire turar i perfekt skiterreng. Det blir organisert guida skiturar laurdag, sundag og måndag. Vi vonar at glade skikøyrarar blir med på å markere slutten av ein lang skisesong med bålkos, grilling og god stemning.

 

Om turen:

Hytta er bemanna og oppvarma frå fredag ettermiddag til måndag kveld. Opplegget er fleksibelt. Du vel sjølv når du vil kome, og kor lenge du vil bli. Det er berre 8 sengeplassar i hytta, så det er lurt å vere tidleg ute med reservasjon. Snøen har truleg smelta fram rundt hytta, så det er mogeleg å bu i telt på tunet.

Vi tek på oss vertskapsrolla. Det betyr at vi ordnar matinnkjøp, matlaging og guidar deg på utvalde gromturar laurdag, sundag og måndag. Du kan sjølvsagt dra ut på eigne turar om du heller ynskjer det. Dei som bur i telt står fritt til å lage sin eigen mat, eller bli med på måltida i hytta.
 

Guida skiturar:

Været, gruppas føresetnader og snøtilhøva vil avgjere kva tur som går kvar dag. På ferdråd før turen justerer vi turplanen i lag. Her er eit utval turar og forslag til eit turprogram:

Laurdag: Tre på rad (bli med på ein eller fleire): Smørbotnnuten, Vassetnipa, Vardane. Om lag 1600 høgdemeter med skikøyring. Maks 6 plassar.

Sundag: Breiskrednosi (1189) – som ei ørn over Nærøyfjorden. Ein spektakulær tur! Maks 12 plassar.

Mandag: Blåfjellet og Kjøroldenuten, eller over Skarsnosi og ned Sendedalen. Maks 6 plassar.

 

Krav til deltakarar:
Vårsnøfesten er tilpassa deg som har våre på toppturar før, og som trivst på toppturski i høgfjellsterreng. Du må vere i brukbar turform.

 

Naudsynt utstyr:

Du må ha eigne toppturski med stålkantar, til dømes lett rando- eller telemarkutstyr. Hugs feller til skia og skibriller (goggles). Vind- og vasstett bukse og jakke med hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, ullsokkar, lue og vottar/hanskar. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Skredutstyr kan lånast utan ekstra kostnad. Ta med dagstursekk (20-30 liter), solkrem, solbriller og drikkesystem/drikkeflaske.

 

Overnattingsgjester må i tillegg ha med sengetøy/lakenpose/sovepose, tannbørste, hovudlykt og eventuelt eit klesskift.

 

Festmenyen:

Kvelds fredag: “Verdsarvgryte” med salta lammebog og hint av laurbærblad. Flankert av Mors flatbrød og godt smør.
Frukost laurdag: Grovbrød. Godt smør. Ymse pålegg. Søt paprika. Nypressa kaffi. Krystallklart vatn frå Breidalselvi.

Middag laurdag: Kortreiste pølser med fres, ovnsbakte båtar av Vossapote, frisk salat. Nytast best med godt, kaldt øl. Dessert: Tante Toro’s Brownies med dryss av villsnø. Nypressa kaffi.

Frukost sundag: Cowboyfrokost: Sprøsteikt bacon, speilegg, tomatbønner, lune rundstykker, godt smør. 2 slag juice. Gloheit og kruttsterk kaffi.

Middag sundag: Pikant pasta penne med pynt. Dessert: Frisk frukt og vaniljesaus. Nypressa kaffi. Nytast gjerne med ein god, italiensk vin.

Frukost måndag: Havregraut, kokte egg, grovbrød, godt smør, juice og kruttsterk kaffi.

Kvifor bli med på ein guida tur?

Guiden førebur turen grundig ved å skaffe ferske rapporter om forventa vær, skredfare og føre. I sekken har guiden din med seg naudsynt utstyr til å løyse ymse situasjonar, til dømes skader etter fall på ski, orientering i dårleg sikt eller utføre reparasjonar ved utstyrssvikt. Guidens røynsle frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak undervegs som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferdsel i fjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område.

 

Om hytta i Breidalen:

Wild Voss driver utleige av ei hytte i Breidalen. Det er sengeplass til 8, gassbluss, vedfyring og stearinljos. Vatn frå elva og komfortabel utedo. Hytta er utstyrt med tøfler og alt av kjøkkenutstyr, bestikk og dekketøy. Flotte bilete teken av Espen Haagensen prydar veggane. Hytta ligg ca 3,5 km frå Nåsi, som er den næraste garden i Jordalen. Det er her du parkerer bilen. Frå parkeringa tek det om lag ein time på ski inn til hytta i lett fjellterreng.

 

Prisar og booking:

Fullpensjon per døgn: kr 750,- (sengeplass, frokost, lunsj og middag)

Full festmeny – alle måltid i 3 dagar: kr 650,- 

Pris per måltid: kr 150,- 

Deltaking på ein valfri guida topptur: kr 450,-

Deltaking på 2 eller 3 guida toppturar: kr 850,-

Full festpakke (alle måltid, sengeplass i 3 netter og 3 guida toppturar): kr 2100,-

Kaffi og anna varm drikke: gratis.

Turtips: gratis.

Telting på tunet og tilgang til do: gratis.

Merk at gjestene må halda seg sjølve med alkoholhaldig drikke eller mineralvatn.  

Booking skjer via våre heimesider: www.wildvoss.no

 

Guide og vertskap:

Øystein Ormåsen (38) er dagleg leiar i Wild Voss AS. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Breinstruktør 1 og NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell, og er i gang med skredinstruktørutdanninga. Han har arrangert klatrekurs, brekurs og drive med fjellføring i Jotunheimen om sommarane sidan 2005. Øystein er utdanna lærar og har undervist på vidaregåande skular i Bergen i 7 år.

 

 

Spørsmål:

Send epost til post@wildvoss.no  eller ring Øystein i Wild Voss på telefon +47 93484041 .  

 

Velkomen til ei vakker vårhelg i Breidalen!

 

.

Highlights

Guida toppturar i særs flotte fjell. 

Overnatting i den trivelige hytta i Breidalen.

God mat, servering og hyttevertskap.

 

Route

  1. Vossevangen