Frikøyring med guide i Voss Resort

Har du lyst til å utforske det sagnomsuste skiterrenget kring heisanlegget i Voss Resort Bavallen? WildVoss samarbeidar med Skiskulen i Voss Resort om dette tilbodet. Med ein lommekjend guide på laget får du og venene dine snarvegar til førstespora i det beste terrenget nær heisanlegget. Du slepp å uroa deg for skredfare og bomturar, og kan halde fokus på å sette herlege svingar i urørt snø. Skiskulen i Voss Resort hjelper deg gjerne om du vil ha ein lengre tur, til dømes ned den flotte nordflanken på Lønahorgi.

For prisar, meir informasjon og booking: Kontakt Skiskulen i Voss Resort for å bestille ein guida skitur spesielt tilpassa di gruppe.

Ynskjer du informasjon om WildVoss sitt tilbod? Ta kontakt på villsnovoss@gmail.com eller ring 93484041.

9.00: Oppmøte Voss Resort

9.30: Heisene åpner. 

9.30 - 15.30: Skikøyring med guide. Inkluderer 30 minutt til lunsj. 

16.00: Takk for i dag. 

Route

  1. Vossevangen