Temakveld skredlære

Bli med på ein trivelig og lærerik kveld i Bavallstunet. I løpet av tre timar introduserar vi nokre grunnleggjande skredtema. Målet er å skape ei auka forståing av snøskred som fenomen. Me presenterer nokre verktøy som er nyttige når du førebur løssnøkøyring og/eller toppturar. På temalista denne kvelden står mellom anna:

  • Korleis lese og forstå eit skredvarsel?
  • Presentere nokre hjelpemiddel ved turplanlegging og førebuing til skikøyring.
  • Krav til utstyr.
  • Dei viktigaste fareteikna – når er skredfaren stor?
  • Faktorer som er av betydning for skredfaren, og som me kan handtera.
  • Kort om risikoreduserande køyremønster.

Oppmøte: I resepsjonen på Bavallstunet kl 18.00.

Teorikvelden er open for alle.

Pris: kr 350,- per person. Prisen inkluderar foredrag, kaffi/te og noko lett å bite i. Du får utdelt kursmateriell. Påmelding må skje innan kl 20 dagen før.

For spørsmål om teorikvelden, ta gjerne kontakt med oss. Send epost til villsnovoss@gmail.com eller ring Øystein på telefon 93484041.

Route

  1. Bavallstunet