Dagskurs skred for heisnær skikøyring

Stadig fleire oppsøker freistande snødekte fjellsider for å nyte herleg skikøyring. Anten ein likar løssnøkøyring nær heisanlegg eller ferdast på toppturski i fjellet, lyt ein kunne gjere eigne skredfarevurderingar. Denne sesongen kan du bli med våre dyktige instruktørar på skredkurs tilpassa ulike målgrupper. Heisanlegget i Voss Resort Bavallen blir kursområde for desse kursa.

Dette er eit dagskurs som er tilpassa deg som brukar heisanlegga til skikøyring i upreparert skiterreng. I løpet av kursdagen får du mellom anna lære om følgjande tema:

Naudsynt utstyr og rett bruk av utstyr
Kameratsjekk og grunnleggjande bruk av elektronisk sendar/mottakar (S/M).
Aktiv sansing og observasjonar. Stemmer skredfarevarselet med eigne vurderingar?
Skikompis-mønsteret. Prinsipper for eit risikoreduserande køyremønster.
Kommunikasjon.
Vurdering av terrenget. Brattheit og terrengfeller. Linjevalg og stoppesteder. Hengvurderinger.
Ulykkeshåndtering. Varsling og kameratredning ved heisnær kjøring.

Varigheit: 6-7 timar.

Pris: kr 1150 per person. Inkluderar leige av skredutstyr og instruksjon heile dagen. Heiskort og skileige kjem i tillegg. Maksimalt 6 plassar.

Kursstad: Bavallen/Voss Resort.

Naudsynt skiutstyr/snowboard: Du må stille med komplett utstyr. Kontakt Skiutleigen i Voss Resort om du treng å leige skiutstyr. Alle brukar hjelm.

Krav til klede: Langt ullundertøy (gjerne to lag) eller superundertøy med gode ullsokkar. Eit tynt mellomplagg er lurt om det er kaldt. Skalklede som held vind og vatn ute (bukse og jakke med hette). Lue, skjerf og vottar/hanskar.

Anna naudsynt utstyr: Skibriller (goggles), liten dagstursekk (til skredutstyr), eventuell matpakke med drikkeflaske eller termos, isolerande jakke (dun/kunstfiber/ull).

Har du spørsmål? Nøl ikkje med å ta kontakt! Send epost til villsnovoss@gmail.com eller ring 93484041.

Route

  1. Vossevangen