Dagskurs skred for toppturar

Stadig fleire oppsøker freistande snødekte fjellsider for å nyte herleg skikøyring. Anten ein likar løssnøkøyring nær heisanlegg eller ferdast på toppturski i fjellet, lyt ein kunne gjere eigne skredfarevurderingar. Denne sesongen kan du bli med våre dyktige instruktørar på skredkurs tilpassa ulike målgrupper. Heisanlegget i Voss Resort Bavallen blir kursområde for desse kursa.

Dette er eit dagskurs tilpassa skikøyrarar som ynskjer å leggje ut på toppturar med utgangspunkt i eit heisanlegg for å nyte skikøyring i upreparert terreng. I løpet av kursdagen får du mellom anna lære om følgjande tema:

  • Turplanlegging etter Filtermetoden.
  • Bruk av kart og bratthetsmålar/linjal.
  • Skikompis-mønsteret for køyring og oppoverspor.
  • Planlegging av nedoverspor og oppoverspor i området Slettafjellet-Dyrvedalen.
  • Køyreglede – korleis finne den beste snøen!
  • Aktiv sansing og observasjonar.
  • Terrengvurdering: Brattheit og terrengfeller. Linjevalg og stoppesteder. Hengvurderinger.
  • Ulykkeshåndtering. Varsling og kameratredning på fjelltur.

Pris: kr 1150 per person. Inkluderar leige av skredutstyr og instruksjon heile dagen. Heiskort og skileige kjem i tillegg. Leige av randonnéeutstyr kostar ca kr 800,-. Maksimalt 6 plassar.

Kursstad: Bavallen/Voss Resort.

Varigheit: 6-7 timar.

Pris: kr 1150 per person. Inkluderar leige av skredutstyr og instruksjon heile dagen. Heiskort og skileige kjem i tillegg. Maksimalt 6 plassar.

Kursstad: Bavallen/Voss Resort.

Naudsynt skiutstyr/snowboard: Du må stille med komplett toppturutstyr (telemark, randonnée eller splitboard) med skifellar. Alle brukar hjelm.  Du kan leige toppturutstyr i Skiutleigen i Voss Resort.

Krav til klede: Langt ullundertøy (gjerne to lag) eller superundertøy med gode ullsokkar. Eit tynt mellomplagg er lurt om det er kaldt. Skalklede som held vind og vatn ute (bukse og jakke med hette). Lue, skjerf og vottar/hanskar.

Anna naudsynt utstyr: Skibriller (goggles), liten dagstursekk (til skredutstyr), matpakke med drikkeflaske eller termos, isolerande jakke (dun/kunstfiber/ull).

Har du spørsmål? Nøl ikkje med å ta kontakt! Send epost til villsnovoss@gmail.com eller ring 93484041.

Highlights

  • Kombiner skikøyring og læring 
  • Kursplan tilpassa ulike behov
  • Kompetente instruktørar

 

 

 

Route

  1. Bavallstunet