Topptur på Vårsnø

Drøymer du om å dra på topptur i storslagen natur og urørt snø? Vårsnøen ligg fortsatt djup i Vossafjella. Bestill tur med ein av våre lokalkjende førarar! Den som elskar å sette svingar i urørt snø vil finne mykje å glede seg over i fjella kringom Voss!  

Me i Wild Voss legg vår stoltheit i å kunne ta med oss gjestar til fjells for å nyte herlege, trygge nedkøyringar i den beste snøen. Alle våre førarar bur på Voss, kjenner fjella godt og veit alltid kvar den beste snøen ligg. På den måten sikrar me at gjestane våre får oppleva den best moglege skikøyringa innafor trygge rammer.

Wild Voss byr på naturopplevingar bortafor oppmerka løyper, vegar, trengsel og støy. Me ynskjer at turane våre skal gje skiglede og meistring, men òg rom for undring og velvære. Våre turar byggjer på eit livslangt venskap med naturen. Me tek oss difor tid til å verta kjend med naturen me ferdast i.

Turane våre vert tilpassa vær, snøtilhøva og gruppas føresetnader. Det betyr at vår førar plukkar ut ein tur som han meiner vil passe godt for gruppa den dagen. Kvar tur startar med at føraren samlar gruppa til ein prat om turplanen. Det er viktig for oss at alle trivst og er aktivt med i gruppa undervegs. Me rekner med å være på tur i 5-7 timer.

Pris for topptur med eigen førar: Frå kr 1050 per person. Prisen inkluderar leige av naudsynt skredutstyr til alle. Maks 6 deltakarar. Vil du ha eit tilbod spesielt tilpassa di gruppe? Ta kontakt på villsnovoss@gmail.com eller ring 93484041.

Frammøte og transport: Turane våre startar med samla oppmøte utenfor Kiwi ved Palmafossen klokken 08.30. Sjå kart. Derifrå går turen vidare i privatbilar til dagens turmål.

Naudsynt toppturutstyr: Du må sjølv stille med komplett toppturutstyr (telemark, randonnée eller splitboard) med skifellar. Me oppmodar alle våre gjestar til å bruke hjelm.

Krav til klede på topptur: Langt ullundertøy eller superundertøy med gode ullsokkar. Skalklede som held vind og vatn ute (bukse og jakke med hette). Lue, skjerf og vottar/hanskar.

Anna naudsynt utstyr: Skibriller (goggles), solbriller, solkrem, dagstursekk (25-35 liter), matpakke, drikkeflaske og/eller termos, ekstra ulltrøye, isolerande jakke (dun/kunstfiber/ull).

Ynskjer du overnatting? Me kan gi deg tips. Ta kontakt.

Har du spørsmål? Nøl ikkje med å ta kontakt! Send epost til villsnovoss@gmail.com eller ring 93484041.

8.30: Oppmøte ved Kiwi Palmafossen. Transport vidare med privatbilar til dagens turmål. 

9.00: Samling og prat om dagens tur.

9.30 - 15.00: Topptur med ein eller fleire nedkøyringar. Tid til pauser undervegs. 

16.00: Turen slutt. Retur med privatbilar. 

 

Highlights

Opplev skikøyring i flotte Vossafjell.

Lær om skredfarevurderingar undervegs på turen.

Sett herlege svingar i den beste vårsnøen.

 

 

Route

  1. Voss