Guida topptur på ski

Vil du suse ned fjellsida eller bjørkeskogen i god snjo? Med ein erfaren og lokalkjend guide frå Wild Voss sikrar du deg ein snarveg til den beste snjoen i Vossafjella. 

​​

Turplan

Me finn den beste plassen for skikøyring den aktuelle dagen avhengig av været, føret og gruppa.

Kvifor topptur med oss?

Rundt Voss er det mange flotte fjellsider i alle himmelretninger som er perfekte for skikøyring. Ikkje for bratt, men heller ikkje for flatt! Me prøver å finne ein plass med lite folk og den beste snjoen. 

Våre guidar førebur turen grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Guidens røynsle frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferdsel i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område.

Sesong

Desember til slutten av mai er tida me arrangerer toppturar på ski.

Fysiske føresetnader

Har du normal turform og middels skidugleik​ er dette midt i blinken for deg.

Naudsynt utstyr

Toppturski, solide fjellski eller splitboard med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, solkrem, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. Skiutstyr kan leigast i Voss Resort eller i Myrkdalen.

Oppmøte

Avtalt plass på Voss.

 

 

Spørsmål

Telefon +47 93484041 eller e-post til post@wildvoss.no 

Pris og antall

2500,- kr pluss 500,- kr pr person.

Maks 6 personar.

Foto: Knut Horvei

Route

  1. Vossevangen