Vårsnøfest 2018: Guida skitur til Breiskrednosi

På vårsnøfesten i 2018 kan du bli med på guida skitur til toppen av Breiskrednosi, fjellet som ruvar 1189 meter over Nærøyfjorden. Ein lang dagstur på ski gjennom storslagen og urørt høgfjellsnatur, med ei utsikt du ikkje vil gløyme. 

 

Om turen:

Turen startar frå Breidalen og byr på jamn stigning til om lag 1400 meters høgd. Terrenget flatar ut medan vi siktar austover, og får eit glimt av Breiskrednosi sin karakteristiske brattvegg. Utover Rimstigfjellet går det snøgt unna i slake utforbakkar, og brått har vi den siste stigninga rett framfor oss. Frå skaret vestanfor toppen fylgjer vi snillaste vegen opp, til vi kan nyte den spektakulære utsikta og fjorden 1189 meter under oss. Etter ein god pause peikar vi skituppane attende mot utgangspunktet. Gled deg til den nydelege skikøyringa frå Vardane ned mot Breidalen! Turen er om lag 16 km lang, og inneber 1000 meter samla stigning.

 

 

PDF Facts

Download a PDF fact sheet with all the information about the selected tour Download pdf

Highlights

Vill og vakker vestlandsnatur

Herleg skiterreng

Eksepsjonell utsikt frå toppen av Breiskrednosi

 

Route

  1. Vossevangen