Førstehjelp i vinterfjellet

På ein godversdag med tørre klede og full mage er det enkelt å vere på skitur i vinterfjellet. Men kva gjer du når uhellet er ute, og hjelpa er langt unna? Med enkelt utstyr og i dårleg vêr? Har du kunnskapen som trengst for å handtere situasjonen og skaffe hjelp?

Denne helga skal vi trene på å løyse nokre situasjonar som ein kan hamne i på tur i vinterfjellet: brotskadar, blødningar, nedkjøling og snøblindheit. Korleis behandle skaden? Kva utstyr krevst? Korleis planlegg me og utfører evakuering?

Kurset er tilpassa deg som er glad i vere ute på tur i vinterfjellet, og som vil lære meir om kva som skal til for å ta hand om deg sjølv og dine vener om eit uhell skulle skje. 

PDF Facts

Download a PDF fact sheet with all the information about the selected tour Download pdf

Highlights

  • Praktisk trening på aktuelle uhell og skader.
  • Mye tid ute i vinterfjellet gir realistiske forhold.
  • Base i Breidalen - en trivelig hytte i flotte omgivelser.
  • Fokus på samarbeid og improvisasjon. 
  • Erfaren og dyktig kursleder

 

Route

  1. Breidalen